|
Radøy kommune har freista å lage ei internettside
der aktuell informasjon og skjema vert gjort elektronisk tilgjengeleg
til alle våre tilsette og leiarar. Grunna at intranett
ikkje er fullt utbygd vel rådmannen å gjere desse
opplysningane tilgjengeleg over internett. Leiarar og tilsette
kan hente ned informasjon og skjema over internett, og kan
også fylle ut skjema maskinelt om ein ønskjer
dette. Det er likevel viktig å merke seg at ingen skjema
er gyldige utan underskrift frå arbeidstakar
og leiar.
Rådmannen vonar du finn dei opplysningane du treng på
sidene nedanfor.
På knappane til venstre finn du dokument som omhandlar
Radøy kommune sin arbeidsgjevarpolitikk slik som tilsetjings-
og arbeidsreglement, permisjonsreglement, etiske retningsliner.
Radøy kommune si Helse Miljø og Tryggleik (HMT)
handbok generell del ligg her . Du finn og anna nyttig informasjon
i knappane nedanfor
Under knappen Informasjon og skjema finn
du dei mest aktuelle skjema som vert nytta i personalarbeidet
i kommune for eksempel permisjonsskjema, eigemeldingskjema,
reiserekning osb. Einingsleiarar finn her lønskort
, teiepliktskjema, og rutinehandbok for løn og personal.
Knappen løn viser veg til dei mest
sentrale skjema for løn, permisjonar, lønsansiennitet
osb.
Knappen Skjema sjukdom viser veg til eigenmeldingskjema,
oppfølgingsplan, aktiv sjukmelding, informasjon om
IA avtalen og informasjon om nye reglar om sjukmelding.
HMT knappen inneheld HMT handboka generell
del + skjema i denne handboka
Knappen Arbeidsgjevarpolitikk inneheld tilsetjingsreglement,
etiske retningsliner, permisjonsreglement og Radøy
kommune sin lokal lønsplan vedteken i administrasjonsutvalet
24/8 2004.
Lukke til med ein aktiv bruk av Radøy kommune sine
internettsider.
Rådmannen
|